top of page

Fra antologien 
JEG PLUKKEROPP EN STEIN
OG PUTTER DEN I LOMMA 

Tekster fra Bergen Dramatikkfestival 2022

Turkis_lilla FORLAG.png

TRE SPØRSMÅL TIL MARI HESJEDAL

TRE SPØRSMÅL TIL MARI HESJEDAL

Foto: Thomas Richards

Hva dro i gang denne teksten?

Det som dannar fundamentet til ein tekst vil alltid vere ein kombinasjon av mange ting. For meg kjem det gjerne til lagvis over tid. Mot regn byrja med ei setning eg skreiv for lenge sidan, som del av noko heilt anna. Eg har prøvd å finne det igjen, veit det står i ei notatbok, men kva for ei av dei var det? Setninga var noko sånt som «Eg syr barnet fast i kroppen min, me er eitt og same». Det handla om det å vere uløyseleg knytt til eit anna menneske. Det danna seg eit bilde som blei verande i meg. Då eg blei mor for fyrste gong kjende eg meg hudlaus. Eg var totalt uførebudd på korleis det skulle påvirke kjenslene mine. Det var som om alt som skjedde i verda angjekk meg personleg. Det kjendes umogeleg å følge med på nyheitene. Alle menneskelge lidingar og problem kom så nært. Dette ville eg utforske. Det kjendest som det fanst ei historie der. Vidare blei eg trigga av å ha lese ei veninne si oppdatering på facebook, ei brosjyre om beredskap som kom i posten, ei barnebok om Noahs ark. Når eg byrjar på eit skrivearbeid kjem det nesten alltid frå noko ganske konkret i kombinasjon med ei meir udefinerbar kjensle av kor eg vil, ei slags grunnstemning som eg leitar etter i skrivinga. 


Hva er forskjellen på denne teksten på papiret og i scenerommet? 

Det skjer, og skal skje, mykje med ein tekst på veg inn i scenerommet. Den vert tolka av ei rekke andre kunstnarar. Eit reelt sam-arbeid mellom regissør, skodespelarar og andre kunstnarisk involverte. Og teksten møter eit rom. Det er noko av det mest magiske med teater, synest eg. At det også reint fysisk sett ligg luft kring teksten. Og teksten vert til ord, handlingar, bilete i rom der meininga får oppstå både i hovudet på den einskilde tilskodar og ein stad i fellesskapet, mellom aktørar, scenerom og mottakar. Ein skapar tolkingsrom gjennom nærleik og avstand på mange ulike nivå. I teateret møter publikum teksten saman, som ei gruppe menneske. Dei møter teksten som levande, praktisk talt. Teater er samansett, samhandling, samarbeid, samkjensle. Teksten som tekst møter publikum ein og ein. Denne opplevinga er meir privat, den er fri, men samtidig også begrensa av tankesettet og erfaringane til den einskilde lesaren. Tolkingsrommet vert eit anna. Ein lesar vil nok oppleve alvoret i denne teksten på en annan måte, og teksten som meir stille, mens den på scena kan gjerast meir bråkete, masete og leiken. Eg har mange gonger tenkt at eg kunne hatt lyst til å skrive for figurteater. Her gjorde det fyrste bildet, det med mora som syr barnet sitt fast i kroppen (forøvrig ikkje med i stykket), at eg såg for meg denne forma. Figurteater gjer at ein kan sette i scene «det umogelege», både praktisk og teoretisk. Eg hadde også lyst til å skrive utan å tenke at eg burde begrense meg til få roller eller kva som er «realistisk» å få til. Paradokset her er at eg mistenker at denne teksten muligens kan fungere best utan figurar, fordi det absurde kanskje vil tre sterkare fram. Eller nei, kva veit eg. Det finst like mange moglegheiter som kunstnarar og augeblikk. Eg pleier å seie til borna mine at alt er mulig i fantasien, og det er det jo, men i scenerommet må teksten sine idéar og abstrakte bilete også gjerast om til konkret form. Det gjer at det er spennande å skrive dramatikk. Det er ikkje lett å lage skikkeleg godt teater, men når det treff er det ingen ting som slår det. 


Hvilke tradisjoner, konvensjoner eller inspirasjoner påvirkes du av eller går du i forhandling med i arbeidet ditt? 

Det å skrive dramatikk er for meg eit visuelt arbeid, på den måten at eg tenker i bilde, ser for meg ting, rom. Ikkje scenerom, men fiksjonsrom eg kan bevege meg rundt i. Litt som på film, med ulike utsnitt, avstand, kamerarørsler. Så er utfordringa på eit vis å omsette dette til språk, til scenetekst. Og bileta må settast saman til sekvensar, historiar, til linjer, på kryss og tvers. Språket må også vere såpass redusert at det i neste omgang på nytt kan tilførast form, scenespråk, kunstnariske uttrykk. Eg likar den utfordringa som ligg i dette at det språklege uttrykket må kokast ned. For meg er biletkunst, film og musikk det som mest direkte inspirerer meg i skrivinga. Å sjå utstillingar med samtidskunst for eksempel. Det at noko kanskje abstrakt, ikkje umiddelbart tilgjengeleg, kanskje totalt uforståeleg likevel kan vere meiningsberande facinerer meg. Eg er interessert i å skape rørsle mellom røynd og fantasi, ei slags likestilling mellom laga.

< Forrige
bottom of page